KjøkkentenesteSkiturSpisesalFiske

Isfiske

Undervisningstilbodet

Dyrkolbotn Leirskole er ein A-leirskole med faste leirskolelærarar. Alver kommune har tilsynet med undervisninga. På A-leirskular vert leirskulelærarane si løn refundert frå klassane sine heimekommunar/skuleeigar.

Skolen har faste opplegg og dags-planar som vert tilmåta ver og andre skiftande tilhøve. Dei faste opplegga dekker mellom- og ungdomssteget i grunnskolen.

I undervisninga er det lagt vekt på naturkunnskap og naturoppleving gjennom emne frå flora, fauna, naturvern, førstehjelp og liknande. Friluftsliv og fysisk fostring har ein brei plass.

Leirskolen tilbyr og valemne knytt til liv og arbeid i lokalsamfunnet i nåtid og fortid, som til dømes gardsdrift, fiske- og sjøfart, vass-kraft og så bortetter.
Elevane får og tilbod om å læra lefsebaking og toving. Vi ynskjer å visa korleis ein nytta ressursane på ein fjellgard i gamal tid.

Likeeins er det lagt vekt på sosiale aktivitetar gjennom ulike former for kveldsprogram og underhaldning. I fritida kan elevane driva med ulike aktiviteter inne og ute. Til dømes bordtennis, sjakk og volleyball, hesteriding, rapellering og smie. Fiske og kanopadling er og aktuelle syslar.

På kjøkkenet er det tilsett eigne folk, men elevane hjelper til i huset mellom anna ved måltida.

Leirskolen vil kunne gje eldre elevar på vidaregåande steg tilbod, i form av seminar og diskusjonar, der sentrale og overordna problemstillingar innanfor natur- og samfunnsfag tek utgangspunkt i konkrete saker og hendingar i dette lokalsamfunnet. Det har vorte ein fast tradisjon at leirskolen ein gong i året har skipa til åpne seminar med eit slikt utgangspunkt.
Dei klimatiske tilhøva og den korte vegen til fjorden og fjellet er hovudgrunnen til at Dyrkolbotn Leirskole har såpass langt driftsår. Frå januar og ut april er det vinterkurs. Frå mai til medio november er det kurs på berrmark. På grunn av dette vert emneutvalet ved leirskolen stort og variert og ein vil kunna finna emne som strekkjer seg frå sjøen til snaufjellet.

© Websidene er utforma og levert av ID fix design.