1.Gjennom aktivitetane på leirskolen skal elevane få erfara det verdfulle ved å tilhøyre eit sosialt felleskap.
2. Med utgangspunkt i dei studie-objekta som finns på staden skal elevane tileigna seg kunnskapar om natur og samfunnsliv, få kjennskap til vekstliv, dyreliv og klimatiske tilhøve i området, og betre kjennskap til liv og arbeid i eit utkantstrok på Vestlandet.
3. Leirskoleopphaldet skal verka til at elevane kan sjå naturen som kjelde til kunnskap, lokal identitet, opplevingar og naturglede. Ein legg vekt på å gi elevane innsikt i samanhengane i naturen, og i samspelet mellom menneske, natur og kulturlandskap.