



Omgrepet leirskole er i dag allment kjent og godkjent, og undervisningsforma har heimel i lov og offentlege føresegner. I «Retningsliner for leirskuleverksemd» definerer ein leirskole slik:
§ 1: Leirskole er undervisning lagt til ein stad der miljøet skil seg frå elevane sitt heimemiljø. Undervisninga kan leggjast til ein stad der klasse-læraren, elevane og foreldra står for opplegget eller til ein stad som har eit pedagogisk tilbod fagleg og sosialt.
§ 2: Formålet med leirskoleundervisninga er å gje elevane høve til å lære andre miljø å kjenne, til sosialt samvær og til opplevingar av ein annan art enn heimemiljøet.