KjøkkentenesteSkiturSpisesalFiske

Sauer

Grenda

Traktor

Dyrkolbotn Leirskole høyrer til den tidlegare Romarheim /Urdal skulekrins i Lindås kommune. Her bur om lag 200 menneske, dei fleste nede ved fjorden. Køyreturen frå leirskolen og ned til Romarheim kai tek 5 - 10 minutt.

Omlag 1/3 av folket her har tilknyting til gardsdrift, men gardane er små, og dei fleste har arbeid utanom jordbruket. Viktige næringar elles er tenesteytingar, transport-, byggje- og anleggsverksemd. På Eikefet finn vi eit av dei største og mest moderne knuseanlegg for stein i Nord Europa.
Fjorden var tidlegare den viktigaste framkomstvegen, men bygda fekk vegsamband med resten av kommunen i 1981. Turen frå Bergen med bil tek omlag 1 time.

Grenda er eit godt døme på eit utkantområde som har møtt den teknologiske utviklinga på godt og vondt, og dette gir eit framifrå høve til å studere på staden dei utfordringane som denne brytinga har ført med seg.
Dei som eig og driv leirskolen bur i nærområdet eller i ei av nabobygdene, og så langt råd er prøver ein å samordne aktivitetane på leirskolen med liv og arbeid elles i samfunnet. Elevane på leirskolen ferdast i utmarka til Dyrkolbotn fjellgard, og skolen har nært samarbeid med fleire andre gardar i grenda.

© Websidene er utforma og levert av ID fix design.